Herlof Nilssen
- Helse Vest RHF
Administrerande direktør i Helse Vest RHF frå jan 2002.
Sivilingeniør frå Norges Tekniske Høgskole (Norges teknisk-naturvitenskapelige
universitet) i Trondheim.
Ingeniør frå Stavanger Ingeniørhøgskule.
Tidlegare administrerande direktør i HagaNor Reiser,
Haga Reiser og Haga AS.
Tidlegare rådmann i Randaberg kommune og Sveio kommune.
Interesser innen kvalitet og prioritering
Gjennom snart seks år i spesialisthelsetenesta har eg fått innsikt i dei mange utfordringane som denne tenesta har stått
ovanfor og vil stå ovanfor i framtida. Her er nettopp kvalitet og prioritering blant dei viktigaste nøkkelorda. Vi skal ha
helsetenester av høg kvalitet som er eit resultat av forsking, evaluering og kontinuerleg utviklingsarbeid i sjukehusa. Prioritering
er eit viktig grunnlag for å kunne gjere dei rette oppgåvene først - uansett kva for oppgåver ein snakkar om. Ikkje minst
er det viktig at vi prioriterer dei sjukaste først. Andre, med mindre alvorleg sjukdom, skal også få behandling, men me må
la dei dei alvorlegast sjuke pasientane komme til først. Retningslinjene for korleis prioritere må vere kjende og aksepterte
blant helsepersonell og leiarar på alle nivå i spesialisthelsetenesta. Prioriteringa må vere forankra frå toppen av helsehierarkiet
ned til kvar enkelt lege eller avdelingsleiar slik at praktiseringa blir mest mogleg lik.
Gjennom desse seks åra har og
omstilling og økonomistyring vore svært sentrale oppgåver for spesialisthelsetenesta. Det som etterkvart står fram tydeleg
og klart, er at det er uråd å få dette arbeidet gjort på ein god måte i eit langsiktig perspektiv dersom det ikkje er kopla
tett til kvalitet og prioritering.
